Gå til hovedinnhold

Velkommen

Rødset gard ligg fint til på Ålvundeid ved inngangen til Trollheimen, og tilbyr overnatting i et hus og to hytter. Overnatting her er populært i forbindelse med tur til Innerdalen, toppturer om vinteren og under Hydro Cup eller andre arrangementer i nærområdet.

Utsikt over Rødset og Ålvundeid

 Utleiehytter

Slettastuo

Slettastuo er ei husmannsstue som vart restaurert i 2006.

Det er ein kjøkkenkrok i stua, og hytta har fått eit moderne og godt bad med dusjkabinett og vaskemaskin. Slettastuo har eit dobbeltsoverom nede, (pluss sovesofa i stua), mens det er sengeplass på eit litt enkelt loftsrom.  Det er peis i stua, og det er varme i golvet. Slettastuo ligg attmed bilveg.


Rødsethytta

Rødsethytta er ei litt eldre hytte som har ei romsleg og god stue. Det er eit eige kjøkken som har det  ein treng for opphald i hytta. Badet har også dusjkabinett. I Rødsethytta er det 2 soverom, eitt med dobbeltseng og eitt med 2 enkeltsenger.

Ved hytta er det eit lite anneks. Dette har ei køyseng, og er berre til ekstra overnatting. Det bilveg heilt fram til hytta.


Teigan

Teigan er eit lite småbruk frå ca 1913, og huset er halde i god stand. Her har vi prøvd å halde huset mest mogeleg i den opprinnelege stilen, men slik at det er godt å bu der i dag. Huset har ei romsleg stove med kjøkkenkrok. Badet har dusjkabinett. Nede er det eir stort soverom med to senger. På loftet er det 4 rom med ei seng på kvart rom.

I alle sengene er det dyner og puter, og det er greitt at du har med sengetøy sjølv. Er ikkje det muleg, går det an å leige.